Velkomen til prat om landbruk

Publisert av: May Britt Meland
3/2/2019 20:15

Hausten 2018 starta bønder og landbruksinteresserte på Tysnes Bondekafé. Dette fordi mange lenge hadde sakna eit miljø der ein kunne prata om norsk landbruk.

Irene Dalland frå Garden på Dalland fortel at ein prøver å samlast ein gong i månaden. Oppslutninga etter oppstarten har vore god. I fjor vart det mellom anna arrangert temakafe, “Nytt syn på mold – nytt syn på landbruk”.

Tek i mot innspel
Framover er tanken at alle kan kome med ynskjer om aktuelle tema. Det har allereie kome opp moglege tema, ugrasbehandling konvensjonell – økologisk – naturlig, SMIL-midlar, “No-till” farming (pløyefritt landbruk, fordelar og ulempar), grønnsaksdyrking, lamming med meir. Det kan være aktuelt å ta inn ulike føredragshaldarar, men det kjem litt an på om vi kan finansiere det, seier Irene Dalland.

Det er ikkje medlemsavgift for dei som deltek på Bondekafe, frivillige har sjølv teke med kaffi og kaker. -Me kjem til å byrja med ein sum på kr 20 som alle betaler til ei felles “matkasse”. Denne vil då betale kaker/ rundstykke/ kaffi.

Til no har det ikkje vore ei leiing eller eit styre, men det kan jo hende det blir etter kvart, avsluttar Irene Dalland.