Lanseringsfest for Podtown

Publisert av: Vegard Aslaksen
12/7/2018 17:35

Tysnesingen vitja i dag lanseringsfesten til Podtown. Mange gjester hadde flytta inn i podane sine og fleire skuelystne hadde møtt opp for å få med seg opninga. Ordførar Kåre Martin Kleppe klypte snora og Oslo Ess spelte minikonsert for dei frammøtte. Dagleg leiar for Podtown og gründer Eirik Kalve er kjempefornøgd med responsen så langt.

Totalt er no 170 sengeplasser booka til festivalen.

Ideen til Podtown fekk Eirik då han ein gong var for sein med å ordna seg overnatting til Tysnesfest og endte opp med å gå glipp av heile festivalen. Bakpå ei yatzyblokk teikna han den fyrste skissa før han seinare fekk på plass eit samarbeid med verdas største “Pod”- produsent som han har utvikla modellane i lag med.

 

Her har ordføraren nett klypt snora og erklært Podtown for åpna. Eirik Kalve til venstre gleder seg over å endeleg vera i gong med konseptet han har jobba med sidan 2016.

 

Oslo Ess skapte god stemning i den vesle landsbyen med containarar i Vågsmarka

 

God musikk, glade folk og nydelige omgjevnader i Podtown.

 

Bilete syner inngangen til ein container med “enkelt-podar”. Innafor her er det 8 podar med enkeltsenger.I alt er det 16 sengeplassar i kvar container.

 

Her er den innvendige døra inn til ein dobbepod – altså ei dobbelseng. Kvar pod har ei eigen dør der ein kan på praktisk vist tre inn i sitt eige hi. All tilgang er styrt med nøkkelkort.

 

Vel inne har ein god belysning, friskluft og underholdningssystem og ei rett så komfortabel seng å #qulialitt i som Podtown på ein kreativ måte kallar det.

 

For meir informasjon sjå; www.podtown.no