Konfirmantinnskrivning i Kyrkjene på Tysnes

Kyrkjeståvo
26. april kl. 18:00
Uansett om eg
trur på Gud,
eller ikkje trur på Gud.

Når eg er konfirmant
kan eg saman med andre
finne svar
på mange viktige spørsmål.

Når eg er konfirmant
får eg oppleve mange nye ting.
Eg får læra meir om Gud
og om meg sjølv.

Det viktigste er at eg tenker på livet
og vil vita meir om kristen tru
og kva den kan bety for meg.

FREDAG 26 APRIL kl. 18.00 vert det orienteringsmøte /innskrivning av nye konfirmantar i Kyrkjeståvo i Våge.

Like etter orienteringsmøtet blir det Kickoff/Gigg/konsert ilag med «SAMMENTEAMET» frå Bjørgvin Bispedømme som har konsert i Tysnes kyrkje kl. 19.00

Me vil og få høyre litt om Kristenrettsjubileet som i år vert markert på Moster.

ALLE er hjarteleg velkomne til konserten i Tysnes kyrkje.