G14 toppar tabellen

Publisert av: May Britt Meland
3/11/2019 07:01
Laurdag ( 2/11) føremiddag reiste G14 gutane til Njardar/Tysnes til Rosendal for haustens siste bortekamp. Det var venta tøff motstand frå eit av haustens formlag.
Fokuserte gutar starta godt med fint spel i 1. omgong, og ekte hattrick frå vår raske Daniel Hagen før dommar bles av til pause.
I starten av 2. omgong reduserte R/U to gongar før gutane tok tak i kampen att. Nye scoringar frå Brede Røssland, Noah Aslaksen og Jonas Hagen-Lunde(str) før Daniel set sin 4. for dagen på ein keeper retur til ein komfortabel 7-2 siger.
Gutane toppar tabellen før siste kamp heime mot Odda komande torsdag.Ein svært spanande avslutning på sesongen for dei ivrige gutane.
Vonar fleire tek turen til Reiso og heier dei fram til puljesiger.!
.
.
Kapmreferat: Ronny Hagen
Foto: Vegard Aslaksen