dav

17. mai på Tysnes omsorgsenter

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
17/5/2018 22:04

Tekst og foto: Torill Dalland Flakke

Både bebuarar, pårørande og ansatte hadde ei flott feiring av dagen i det nye omsorgsenteret.

Onarheim musikklag starta dagen i sansehagen og etter det trekte ein inn i «Storstova» der Olav Skjelevik, Tysnes musikklag og ordførar Kåre Martin Kleppe bidrog til ein fin dag for alle som var der.
Det blei òg servert rømmegraut, kringle og kaffi.