Helge Jordal kom roande til scena i Kjevikjo.

Underhaldande teater og song i Kjevikjo

Publisert av: May Britt Meland
10/7/2019 22:33

Då Tysnesfest hadde sitt alle fyrste arrangement i Kjevikjo var det Helge Jordal som framførte det episke diktet “Terje Vigen”. Dette var så vellukka at suksessen vart gjenteken i år.

Før framføringa fekk publikum høra om historia bak “Terje Vigen” og om korleis denne oppføringa vart til. Deretter følgde ei framføring som gav publikum gåsehud. Helge Jordal vart akkompagnert av fantastisk dyktige musikarar.

 

 

 .
Det var også underhaldande improteater av “Småsceneri”. Dei var fantastisk morsomme og lagde kjempe-stemning blant publikum.
Mellom anna hadde dei eit innslag der dei las innlegg frå Bladet Tysnes, som born. I krimmen dei framførde vart sjølvaste festivalsjefen for Tysnesfest, Sigvard Madsen, mordoffer.
Alle foto: Johnny Helgesen