Ynskjer å vekka liv i landbruket på Tysnes og omegn.

Publisert av: May Britt Meland
16/3/2018 06:31

Tysnes bondelag og Tysnes bonde-og småbrukarlag inviterer til temakveld og bondekafé i Grendatun.

Irene Dalland frå Garden på Dalland, vil ta for seg temaet “Nytt syn på mold – nytt syn på landbruk”.
Dette temaet 
omhandlar utviklinga til landbruket, og nye moglegheiter for bønder på vestlandet. Irene Dalland fortel at temaet er inspirert ut i frå “Jordboka” til Dag Jørun Lønning. -Det er mykje ny forskning på landbruk, og praktisk gjennomføring viser til nye metodar og eit anna syn på landbruket.  Me ynskjer å sjå på korleis me kan  utnytta ressursane me har på Tysnes, på best måte.

Arrangørande ynskjer alle:
-som interesserer seg for landbruk, hagebruk, klima, norsk mat,
-som skal bli bonde, er bonde, eller har vore bonde
hjarteleg velkomne!

Det vil bli moglegheit for innspel, spyrjemål og diskusjon!

-Og så blir det sjølvsagt servert kaffi og kaker!

Bondekafeen vert halde i Grendatun, Uggdal tysdag 20. mars, klokka 20.00.

 

Hjarteleg velkomen til alle bønder!
-Og til deg som skal bli bonde!