Strandryddetokt med M/S Miljødronningen

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/9/2018 13:12

I år som i fjor er Miljødronningen, eid av Norges Miljøvernforbund, på strandryddetokt langs Norges kyst. I fjor var ruta frå Bergen til Tromsø, i år vart den utvida frå Oslo til Grense Jakobselv.

 

Rebekka Høgestøl, tysnesing og saksbehandlar innan marin forsøpling i Norges Miljøvernforbund, deltok på årets tokt frå Bergen til Sandnessjøen. I skrivande stund er dei i Melbu og det har til no blitt fjerna ca 11,5 tonn plast frå fjæresteinane . Dette talet til tross, så viser studiar frå Sintef at ikkje lenger 70%, men så mykje som 95% av all plast synker til havbotnen, uansett dybde. 

Det er fleire grunnar til at Miljøvernforbundet (NMF) bruker tid og ressursar på dette: 

  • Rydde opp så mykje plast som mogeleg 
  • For å redde fugl- fisk og dyreliv
  • For å spreie ordet og skape bevisstheit rundt problemet marin forsøpling
  • For å få slutt på denne forureininga
  • For å få plast, både mikro- og nanobitar,  ut av næringskjeda
  • For å få hjelp til å rydde opp, ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt!

I kvar hamn kjem nye frivillige for å bli med ut på rydding, nokre gonger dukkar skuleklassar opp for å få et foredrag eller to om toktet og marin forsøpling. Nytt i år er konseptet «Cleansounds». Ein idè frå ein tidlegare frivillig om at dei som blir med på strandrydding får ei musikalsk overrasking etter ryddinga. Det blir ikkje fortald på førehand kven som spelar/syng. Men til no har Madcon, Silya and the sailors, Jarle Berhoft, Vidar Johnsen og Anine Stang, Tor Endresen, Maria Mena og Halvdan Sivertsen støtta denne saka og gitt kvardagsheltane (dei frivillige) ein intimkonsert dei seint vil gløyma som takk for hjelpen med å rydde.

Følg gjerne toktet vidare på sosiale medier.

Akkurat no oppfordrer Hold Norge Rent til å holde høsten rein. Skal du ut og plukke denne veka?

Tekst og foto; Rebekka Høgestøl