Reksteren Idrettslag fekk Frivilligprisen i 2020.

Kven får Frivilligprisen 2021?

Publisert av: May Britt Meland
10/11/2021 17:20

I fjor fall valet på Reksteren Idrettslag. I alt ti innsende kandidatar vart vurdert før ein einstemmig jury tok avgjerda. I grunngjevinga stod det:
Reksteren Idrettslag er meir enn eit vanleg idrettslag. Gjennom fleire tiår har laget fremja samhald, trivsel og god folkehelse. Idrettsaktivitetar er grunnlaget, men laget driv med mykje meir. Seniorsamlingane, sosiale samlingar, dugnadar, ja, det er vanskeleg å få med alt. Nemnast må også det store arbeidet laget gjer for å halda vedlike idretts- og kulturbygget.
Reksteren Idrettslag er på mange måtar limet i samfunnet på Reksteren.

Kven meiner du bør få prisen i år?
Prisen skal gå til ein FRIVILLIG initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idéar og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og i tillegg medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.
Tidlegare vinnarar kan ikkje få prisen fleire gonger.

Kven meiner du fortener prisen?

Send inn ditt forslag innan 19. november til
Tysnes Frivilligsentral Rådhuset, Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL eller
epost til per.verner.aase@tysnes.kommune.no