Menneske, molda og naturen.

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/3/2022 14:40
Tysnes Bondelag, Tysnes bonde- og småbrukarlag, Tysnes folkebibliotek med fleire inviterer til eit tankevekkande og inspirerande foredrag om det fantastiske universet under føtene våre.

Dag Jørund Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014, Årets norske bygdeprofil i 2015 og Årets Meitemark i 2019.

Best kjend er han kanskje for dei tre populærvitskaplege bøkene Jordboka, Jordboka II og Kompostboka. Desse bøkene utforskar forholdet mellom menneske og naturen, og potensialet for dyrkingsmåtar som byggjer mold framfor å utarma den.

Etter foredraget vil Øystein Svalheim, landbruksjef ved Bjørnafjorden landbrukskontor halde eit innlegg.

Sjå annonse om arrangementet her.