Foto: Arne Dag Myking, kondis.no

Sterkt!

Publisert av: May Britt Meland
23/1/2018 10:21

Pernilla Eugenie Epland satte klubbrekord på 3000 m på Nornalekene!

20. og 21. januar vart Nornalekene arrangert for 8. gong. For fyrste gong var det over 500 deltakarar, noko som er ein klar deltakarrekord. Frå Stord Friidrett var det 10 deltakarar, og mellom dei tysnesjenta Pernilla Epland.

På 3000 m sprang Pernilla Eugine Epland over målstreken tida 9.33.25.

Dette er ei forbetring av hennar eigen klubbrekord med god margin. Den gamle rekorden er på 9.41.96, denne sette ho utandørs i 2017 på Tyrvinglekene.

Tida Pernilla fekk i helga er 2. raskast i Norge i år i kvinner senior og 4. raskast i Hordaland nokon sinne.

Les meir om Nornalekene på kondis.no