Foto:

Kari Bremnes på Solstråleøyo!

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/12/2017 16:48

Nytt artistslepp frå Tysnesfest:

Publisert: 13.12.17 14:10

Bremnes gav oss ein fantastisk konsert i 2013, og det er til dags dato er den konserten me har arrangert i Kjevikjo som har hatt høgast publikumstal.

I 2018 skal ho trø i fotspora til Vamp, og Solstråleøya blir hennar arena. Me vil ha same opplegg som i 2017 der me har hurtigbåt som går tur/retur, og alt vert lagt til rette for mange magiske stunder.

Kari Bremnes har aldri hatt eit større- og meir variert publikum enn ho har no. Ho turnerer både i inn og utland, og berre i haust har ho hatt heile 35 konsertar der 95% av alle tilgjengelege billettar vart seld. I September slapp ho si fyrste plate på meir enn 5 år, og den har allereie selt heile 5000 fysiske cd`ar noko som i 2017 er ganske fantastiske tal.

Billettar ligg no ute for sal på www.tysnesfest.no/billetter

Hugs på at her vart det smekkfullt i fjor, så ver tidleg ute med bestilling. Perfekt som julegåve!

Ikkje mogleg i Kjevikjo

Mange publikummarar har igjennom hausten lurt på om me kan ha konsert i Kjevikjo i 2018. Planen har og vore å ha konsert der i år, men Bergen og Omland Friluftsråd har avslått vår søknad om å ha konsert her grunna slitasje på underlaget. Når dette avslaget kom fann me ut at me ville arrangere konserten på Solstråleøya slik me gjorde i 2017 med stor suksess.

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018:

Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes.