Anita Østerbø dubuterer med historisk roman.

Rykande fersk debutroman!

Publisert av: May Britt Meland
9/7/2021 08:00

Laurdag under marknaden i Våge kjem Anita Østerbø med si aller fyrste bok som ho har jobba med dei siste to åra.

Boka “Skammens mødre” tek for seg aleinemødre sin tøffe kamp på 50- og 60-talet. -Eit gufs i frå fortida i ein spennande og rystande historisk roman som er basert på ein sann historie.

Østerbø fortel at ho alltid har hatt ein draum om å skrive ei bok, og no fekk ho tid. Mest av alt skreiv ho boka fordi ho har noko å fortelja, ein viktig historie om stolte og sterke kvinner som vart sett ned på og utskjelt i si tid berre fordi dei fødte eit barn utan å være gift. Ho føler dei fortener å bli heidra, og dei fortener at vi les historia deira om korleis det ein gong var. -Dei fleste familar har ei skammens mor som ingen snakka om. Til avslutning kjem Østerbø med eit håp om at boka kan bidra til større åpenhet og meir forståing innad i familiane.

Laurdag kan du sikre deg ei signert utgåve av boka som også kan kjøpast i Våge på Gøy på landet.