Foto: Njardar/Tysnes

Lettbeint, stivbeint eller sårbeint?

Publisert av: May Britt Meland
17/4/2019 11:35

No er det klart for på melding til sommarens store fotballeventyr:
Tysnes Sparebank Cup 2019

Thomas Hagen frå Njardar/Tysnes fortel at det no vert 23. året klubben arrangerer denne uhøgtidelege og sosiale fotballhelga.
– Her får vi aktivisert både fastbuande og ferierande under ei knallkjekk turnering, utan for mykje alvor. Det ingen krav til ekstreme fotballferdigheter, dette er eit tilbod fyrst og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball!

 

For meir info og påmelding, sjå her på njardar.no