Musikklegendene i Mods kjem til Tysnesfest!

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/3/2024 22:28

Det legendariske rocke- og popbandet Mods frå Stavanger gjenforeinast i år for nokre historiske festivalframføringar, og torsdag 11. juli kjem dei til Tysnesfest!

Konserten er ein hending fans av norsk rock har venta på med spenning. Mods blir sett på som “verdas største band” i på vestlandet og beviste det med bravur då dei i 2022 selde ut to gonger Viking stadion, som tilsvarer elleville 50.000 billettar!

Mods, som har sine røter på Rennesøy og i Stavanger, oppnådde stor suksess på 80-talet med album som “Revansj”. Kjende for sitt unike lydbilde og tekstar på Stavanger-dialekt, bidrog dei til ein særegen bølgje innan norsk rock. Bandet er òg kjent for å ha vore startpunktet for Morten Abel, ein av Norges mest folkekjære artistar.

Låtane har levd gjennom generasjonar og “Tore Tang” er for mange blitt ein landeplage som blir dratt fram som ein slags identitet til heile Stavanger, men òg blir dratt fram kvar gong det norske kvinnelandslaget i handball har vunne noko dei siste åra. Det er sjølvforklarande at med titals millionar streams på sine gamle album er Mods eit band mange trykker til sitt hjerte over langstrakte land.

Dette blir ein eksklusiv og unik moglegheit til å oppleve Mods live, ein konsert som vil samle generasjonar rundt låtane som har overlevd i fleire tiår.

“Å bringe Mods tilbake til scenen, er ein draum som blir verkelegheit. Det blir ein sommar fylt med nostalgi, energi og uforgløymeleg musikk,” seier Mods-grunnleggjar Morten Abel.

Med Mods sin status som ein bauta i norsk musikkhistorie, forventast det stor interesse for denne konserten. Gå ikkje glipp av denne unike moglegheita til å oppleve Mods live etter 40 år!

Sitat Øystein Vaage – festivalsjef:

“MODS har faktisk spela på Tysnes ein gong før! I 2017 hadde dei ein særs ekslusiv og intim øvingskonsert for 220 publikummarar på Mandelhuset før dei spelte for 40 000 på Viking stadion to veker seinare.” 

 “Å få MODS til Tysnesfest har me prøvd på i meir enn 15 år, og det er ufattelig godt å endelig ha fått det til.” 

“Eg er ganske sikker på at ein skal leita lenge for å finna nokon som ikkje kan referenget til tidenes allsong og Stavanger sin nasjonalsang; “Tore Tang”.  

Forbered deg på ei natt der fortid møter framtid og der musikalske minner blir til nye uforgløymelege opplevingar.

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2024:

  • Torsdag 11. juli: Enkeltkonsert med MODS!
  • Fredag 12. juli: Åge og Sambandet, Carola, DDE, Hellbillies, og Fay Wildhagen
  • Lørdag 13. juli: Sondre Justad, Matoma, Nico & Vinz  Michelle Ullestad og Lille Venn
  • Kulturkyrkja på Onarheim, Søndag 14. juli: Inger Lise Hope