Illustrasjonsfoto

Fugleinfluensa i Norge

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/12/2020 09:10

Mattilsynet melder på sine sider at det vert innført “portforbod” for å hindre smitte til tamme fuglar.

Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa i Norge, Sverige, Danmark og fleire land i Europa denne hausten. Fugleinfluensaen som er påvist, er fyrst og fremst ein risiko for fuglar, og ikkje for menneske. Folkehelseinstituttet vurdere risikoen for smitte til menneske som svært lav.

For å hindre at smitte sprer seg frå ville til tamme fuglar, innfører Mattilsynet portforbod for fjørfe i desse fylka: Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo og Innlandet.

Portforbod vil sei at alle tamfuglar skal være innandørs eller eventuelt under tak. Dette gjeld også for økologiske fjørfe. Når det er slike restriksjonar, tillet Økologiregelverket at fjørfe vert halde inne, eller under tak, i ei begrensa periode.

Det er svært viktig med smittforebyggande tiltak, og fjørfeholdere har sjølv ansvar for å gjennomføra tiltaka.

Har du høner i hagen, kan også du gjere mykje for å hindre smitte til dine fuglar. Det kan du lese meir om her.

Dersom smittesituasjonen endrar seg, vil Mattilsynet vurdere å sette i gang ytterligere tiltak for å hindre smitte frå ville til tamme fuglar. Slike forebyggande tiltak kan settast i verk på kort varsel.

Sjølv om det ikkje er kjende tilfeller av smitte frå fugl til menneske med dette viruset, minner Mattilsynet om at ein bør unngå direkte fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar, då desse for eksempel kan væra smitta med Salmonella.