Sikra play-off, men tapte toppoppgjeret

Publisert av: Johnny Helgesen
30/9/2018 20:00

A-laget spelte laurdag heimakamp mot laget på 2. Plass Løv Ham 2. Denne kampen var avgjerande for kven som ville vera i førarsetet om å vinna pulja og dermed sikra direkte opprykk.

No har det seg slik at Løv Ham har begge sine lag i 7. Divisjon og ligg pr no an til å vinna puljene sine med begge laga. Om dette skjer vil ikkje Løv Ham 2 kunna rykka opp frå vår pulje og det direkte opprykket vil isåfall då gå til oss, som minimum har sikra 2. Plass pga. målforskjell.
Løv Ham 1 og 2 flyttar spelarar fram og tilbake mellom desse to laga og har blant anna blitt trekt 3p for juks på dette området tidligare i sesongen. Mot Njardar på lørdag ser det derimot ut så dei følgte reglementet og ”kun” brukte 5 spelarar frå 1.laget.

 

Det vart ein våt affære i kraftig regn og vind på Reiso og ingen av laga fekk til spesielt mykje spel. Kampen vart prega av mange duellar, kjemping, frispark og dødballar. At dagens kampledar overhodet ikkje takla oppgaven han hadde begitt seg ut på var tydelig då han ikkje evna å kommunisera med spelarar og trenarar på ein god måte. I tillegg dømde han forferdelig mykje feil begge veiar, som førte til ein amper og lite kjekk tone på bana. Han la egentlig lista for sin egen innsats med å komma spaserande for seint til kampstart. Når han i tillegg stoppar kampen for å snakka til ein tilskodar (som også var oppgitt over oppførselen og dømminga) blir det heile litt parodisk.

Me skuldar ikkje dommaren for tapet på nåkon som helst måte, men er i likhet med Løv Ham skuffa over at eit toppoppgjer og ein så avgjerande kamp ikkje blir håndtert på ein bedre måte.

Kampen i seg sjølv vart som nevnt ingen fin fotballkamp. I fyrste omgang får Løv Ham ei tidleg scoring på corner og sjølv om heimalaget prøver og prøver klarar dei ikkje spela seg til særlig med sjansar. Løv Ham spelarane er voldsomt aggressive i presset og bedre med ball enn Njardar.

I 2. Omgang skapar heimalaget to store sjansar på dødball der Didrik headar like utanfor og Børge sin heading blir blokkert på strek.
Utanom dette skapes det lite, mens Løv Ham er nære på ved nokre kontringar. 1-1 kunne vore fortjent, men motstandarane er eit såpassa godt lag at me vel så godt kan sei at dei fortjente å vinna 1-0.

Det er ikkje ofta Njardar tapar på heimabane og ein må faktisk heilt tilbake til Mai 2017 for å finna forrige tap på Reiso.

Som nevnt i innledninga er me uansett utfall resten av sesongen sikra Play Off mot ein 2.plass i ei anna gruppe. Me håpar sjølvsagt å rykka direkte opp, men om me må ut i opprykkskampar skal me vinna desse to og!

Løv Ham skal også ut i ein knalltøff bortekamp mot Vadmyra som kan hjelpa oss til å ta tilbake fyrsteplassen.

Eit ekstra minus etter kampen mot Løv Ham er at midtstoppar Terje Hagen skada kneet sitt ganske hardt og er ute i fleire månader med strekte leddbånd.

No er det to veker til neste kamp og me satsar på å avslutta sesongen med to nye seirar.

 

Tekst: Thomas Hagen

Bilder: Vegard Aslaksen