Bilde er lånt frå alsaker.no

RESULTAT FOR ALSAKER KONSERN 2017

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
21/6/2018 13:55

PRESSEMELDING

RESULTAT FOR ALSAKER KONSERN I 2017
Alsaker – konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kroner 568 millionar i 2017. Med ein omsetnad på kr 1.621 millionar gir dette ein driftsmargin på 35 %.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2017 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.

Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2017 produserte konsernet 31.000 tonn laks, mot 32.500 tonn året før.

Produksjonsmessig har 2017 vore eit heller svakt år for konsernet. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk litt ned samanlikna med 2016. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks.

Ved utgongen av 2017 var det 246 fast tilsette i konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.

Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2017. Det globale tildodet av atlantisk laks auka med ca 2 % medan gjennomsnittleg eksportpris på laks frå Norge blei redusert med ca 5 % samanlikna med forrige år.

Konsernet har brukt over 130 millionar kroner i utviklings – og innovasjonsprosjekt i 2017.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 1.145 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 58 %.