Sjølvportrett, Mads Rage

Debuterar med roman

Publisert av: May Britt Meland
21/1/2018 10:59

I februar kjem ”Og skipet siglar vidare” av Mads Rage.

Tysnesingen Mads Rage er fødd i 1982, han er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT tenester.

– Dette er fyrste boka mi, men eg har tidlegare publisert i to antologiar, samt tidsskrift og avis seier Mads Rage. Han fortel vidare at ideen til forteljinga er utvikla frå eit novelleutkast og arbeidd fram over om lag halvtanna år. -Kor ”ideen” kom frå i utgangspunktet er eg ikkje god til å svara på, seier han.

På spørsmål om handlinga på nokon måte tilknytt Tysnes, svarar Rage at det finst ingenting geografisk bestemt i boka, og ingen figurar som har nokon direkte samanheng. -Det kan tenkast at sjø-temaet heng saman med at eg er oppvaksen på øya, men elles ingenting. Eg har arbeidd med boka fleire stader, mellom anna når eg har vore på Tysnes.

Når det gjeld planar om fleire bøker, kan Rage avsløre at det er planar om fleire, og at han held på med det.

Frå boka “Og sikpet siglar vidare”