Broiler, Mikkel Christiansen og Simen Auke frå Drammen kjem til Tysnesfest 2019.

EDM-duoen BROILER kjem til Tysnesfest 2019!

Publisert av: May Britt Meland
13/12/2018 09:33

Broiler er godt i gang med å erobra verda, men for å erobra verda må ein nesten innom Tysnesfest eit par gonger!

Dei var hjå oss i 2016, og det går framleis gjetord om laurdagskvelden der ingen klarte å stå i ro. Broiler sin musikk tvinga fram dansefoten, og både ungdommar, vaksne og besteforeldre gjorde at Gjerstad syda av liv som aldri før.

Broiler har svært mange superhits, og dei har meir enn 400 millionar streams på Spotify. Hits som «Wild Eyes», «Rays of Light», «Lay it On Me» (Som Ina Wroldsen som og kjem til Tysnesfest syng på), «Money» og deira remix av «Shots» har lagt lenge på topplistene.

Broiler leverte bokstavleg talt eit fyrverkeri av eit show sist, og dei kjem garantert ikkje til å slå mindre på stortromma neste sommar. Fyrverkeri, flammer, dansarar, LED-robotar og eit sceneshow utan like!

  • Det er svært kjekt at Simen og Mikkel vil ta turen tilbake til Tysnesfest. Dei kommenterte både til oss i festivalen og i sosiale medier at showet på Tysnesfest var noko av det råaste dei gjorde sommaren 2016.
    Ein liten fugl har kviskra til dei om at det skal byggast nytt mellomtrinn på Tysnes skule, og Broiler ynskjer med eit lite glimt i auga å starta rivingsarbeidet på det eksisterande skulebygget laurdag 13. juli 2019!
    https://www.youtube.com/watch?v=7xk_QMmp8KQ

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2019: Aurora, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Skambankt og Kjartan Lauritzen.