Bowlingsesongen 2023/24

Publisert av: May Britt Meland
2/6/2023 08:42

Først vil eg takka for grei gjennomføring av sesongen 22/23.

1. divisjon vil neste sesong utgjera følgjande lag:
Andersland Bygg 1, Herde Kompositt 1, Herde Kompositt 2, Alsaker Fjordbruk, Optimera, Tiko, Fronta og Andersland Bygg 2. Desse laga treng ikkje melda seg på til neste sesong, men eg ønskjer melding helst snarast dersom her vert endringar.

I 2. divisjon må alle lag melda seg på til underteikna.
Eit nytt lag har alt meldt seg på, nemleg Omega Bygg.

Snakk gjerne med andre for å skapa interesse for spel i bowlingserien.

Påmelding bør skje innan 20. august.

Det er lag som vurderer om dei skal melda på fleire lag i 2. divisjon, men dei har akkurat nok spelarar til to lag. Me innfører difor følgjande endring i reglementet:
Der ei bedrift o.l melder på to eller fleire lag i 2. divisjon, kan ein som spelar fast på eit lag, også spela inntil to kampar i halvåret på eit anna  lag i 2. divisjon. Det er ikkje lov å henta spelarar frå 1. divisjon til spel i 2. divisjon.

Eg reknar med at serien begynner måndag 4. september.

Under Tysnesmeisterskapen vart bane 1 øydelagd. Denne er no i orden.

Tysnesmeister vart Jostein Mehl! Det var vel fortent då han lenge har streva for dette.

Eg ønskjer dykk alle ein riktig god sommar!

Helge Hauge