Foto: Wärtsilä

Fyrste ferja med automatisk anløp

Publisert av: Tommy P. Gundersen
26/4/2018 13:14

Bilferja MF Folgefonn som har ruta mellom Stord, Tysnes og Huglo har no fått eit nytt system som dei kalla «Auto Docking» automatisk anløp. Systemet gjer at ferja kan leggja til kai av seg sjølv.

Wärtsilä inviterte til pressekonferanse i dag 26.04.18 Der ein fekk presentert «Auto Docking» systemet.

 

MF Folgefonn har testa systemet i snart 2 månader, og dei verkar ganske sikre på at alt fungerar som det skal. Dersom eit problem skulle oppstå, vil kapteinen kunna ta tilbake styringa med ein gong. Alt han treng å gjera er å trykkja på ein knapp. Systemet kan også justerast etter behov dersom kapteinen ønskjer det. Han kan justera korleis ferja skal leggja inn ved å bruke datamaskinen som styrer «auto docking» systemet. Wärtsilä fortel at på sikt vil sensorane som dei har installert kunna oppdaga båtar og andre hindringar i sjøen, slik at båten styrar unna dette av seg sjølv. Heldigvis vil ikkje dette ha konsekvensar for arbeidsplassar. Kapteinen må fortsatt følgja med i styrhuset og sjå at alt går som det skal.

Kapteinen slepp hendlane og let «Auto Docking» styra anløpet. Foto: Wärtsilä

 

Ved bruk av eit automatisk anløp system vil brenselforbruk og strømforbruk bli lågare, og sannsynelegheita for menneskelig feil vert minka. Anløpet i seg sjølv vil også bli ei mykje meir behagelig oppleving.

Norled fortel at utan hjelp frå Warstila San Diego og Innovasjon Norge, hadde dette ikkje vore mogleg. Vidare skriv Wartsila i si pressemelding:

«Vi vil takke Norled for det gode samarbeidet vi har hatt i dette prosjektet. Testene er viktige for Wärtsiläs overordnede grønne visjon. Autodocking kan bli en viktig del av vårt tilbud til fergeindustrien og til andre fartøysmarkeder, og dette vil ytterligere bidra til å fremme vårt arbeid med å gjøre kundene våre enda mer effektive og lønnsomme”, seier president Roger Holm i Wärtsilä Marine Solutions.