Kjempeflott resultat på “Krafttak mot kreft” aksjonen!

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/3/2019 15:38

OVER KR. 189.000,- TIL KREFTFORENINGA!

Aksjonen Krafttak mot Kreft vart avslutta søndag, og etter oppteljinga kan Tysnesingane sende over
Kr. 189.000,- til Kreftforeininga! Ein formidabel innsats! Størstedelen av beløpet kjem frå Blåbærhaugen – heile 1.108 registrerte turar vart det.

Alsaker konsernet støtta turane med kr. 100,- og SN Marine Consult med kr. 10,-. Totalt kr. 121.880,-.  Bøsser og Vipps gav vel kr. 53.000,-. Bok og Fritid donerte ein stor bamse som Rannveig har seld lodd på og her kom det inn kr. 7.615,-.

Lynutlodding/sveler på Onartun laurdag  gav over kr. 6.000,-. Alle premiane var sponsa – til og med eit villsau skinn vart donert frå Austevoll.  Uren Luren 4H lakka negler og fekk inn kr. 250,- mange «fjonge» damer forlot Onartun den dagen.  Camilla selde bøker og fekk inn kr. 50,-. Kjekt å sjå kor kreative dei var for å samla inn til kreftsaka. 4H var og med på salet av lodd og sveler.

 

Anna Haaland Haugsgjerd sel lodd (Onartun laurdag)

 

Iva steiker sveler

 

Camilla Matre, Maria Andronikidu og Maria Skaaheim Lunde klar for lakking av negler

 

Torhild og Tor Troland donerte skinn av villsau til lynutlodninga

 

Vinnaren av kaka skulle på reis, då tok kreative Åshild og auksjonerte den vekk og fekk inn kr 200,-. Vinnaren av kaka får ny når han kjem attende.

 

Mandag fekk me med oss Camilla Matre Rosseland, Maria Andronikidu og Anna Haaland Haugsgjerd på oppteljing av bøsser og trekking av bamsen. Dette var til veldig god hjelp. Bamsen vart vunnen av Karin Brekke – me gratulerer!

Ivrige jenter trekker vinnar av bamsen.

 

Me vil takka alle som har vert med på å støtta denne aksjonen, Alsaker Konsernet, SN Marine Consult, Bok og Fritid, Andersland Bygg, Tysnes Sparebank, Uren Luren 4H, alle bøsseberarane, alle som har gitt og ikkje minst alle som har gått. Dette er eit resultat me kan være stolte av!

Helsing
Rannveig og Astrid