Hytte brann ned

Publisert av: May Britt Meland
4/5/2020 18:19

Kl 16.10 i dag melde 110 Hordaland om brann på Fortøya utanfor Økland. Ei hytte på øya var overtent, og naudetatane var på veg.

Etter ein knapp time vart det konstantert at hytta ikkje stod til å redde. Vest politidistrikt melde då at hytta var nedbrent, og at brannvesenet vart på staden for ettersløkking.

Det var to personar på staden, og begge kom seg i tryggheit. Dei vart frakta til legevakt for kontroll.

 

Les meir på Bladet Tysnes.no og BT.no