Deilig er jorden

JULEKONSERT I ONARHEIM KYRKJE

Publisert av: Johnny Helgesen
17/12/2018 20:40

Sist søndag hadde Onarheim Musikklag og Tysnes kammerkor den tradisjonelle julekonserten i
Onarheim kyrkje.

Ein blåsarkvartett opna konserten.

Konserten vart opna av ein kvartett av blåsarar før Magne Storesætre, leiaren for musikklaget,
ønskte velkommen.

Magne Storesætre ønskte velkommen.

Etterpå kom dirigenten Nick Hughes fram, og me fekk høyra mykje fint, mellom anna “Away
in a Manger” og “Svalbardtema” (frå “Orions Belte”). Ein av spelarane her, Bjarne Nygård, har
faktisk vore med i musikklaget sidan den første julekonserten deira i 1954.

Onarheim Musikklag med dirigenten Nick Hughes.

Så var det kammerkoret sin tur. Dei opna med ein trio – Henrik Barthel som songsolist med
Trygve Arntsen på saksofon og Stig Johansen på gitar. Og “Upp gledjest alle” nådde øyro våre
på finaste vis. Etterpå spelte Trygve Arntsen og Stig Johansen “O, helga natt”.

Trioen Trygve Arntsen, Henrik Barthel og Stig Johansen.

Etter solistane stemde heile kammerkoret i med tre herlege songar der dei avslutta med “Nå
vandrer frå hver en verdens krok”.

Tysnes kammerkor med dirigent Ingunn Myklebust.

Marit I. Espedalen vart kalla fram, og ho heldt ein andakt med ord til ettertanke no før
julehelga.

Andakt ved Marit I. Espedalen.

Musikklaget avslutta konserten med fem innslag til før “Deilig er jorden” ljoma i
kyrkjerommet frå musikklag og dei i kyrkjebenkene.

Onarheim Musikklag avslutta konserten.

Og heilt til slutt overrekkjing av blomar til solistane.

Blomsteroverrekkjing.

Så var det å gå ut i adventsmørkret med mykje vèllyd i øyro.

Tekst og bilder: Olav Skjellevik