Har du lyst å ta familien med og bowla i veke 51 og 52?

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/12/2023 11:56

I staden for faste opningstider, legg me opp til at du kan bestilla tid når det passar for deg.

Ring eller send sms til 996 40 123 så skal me få nokon til å hjelpa dykk, slik at de får ei hyggeleg oppleving på bowlinga.

Fast opningstid:
Onsdag 27. desember kl. 1700 – 2000
Torsdag 28. desember kl. 1800 lagturnering med to på kvart lag. Påmelding innan 26. desember.

Tysneshallen bowling