Håpar mange kjem på dugnad

Publisert av: May Britt Meland
28/8/2018 18:04

Styret i Øykjaskoro Vel inviterer til dugnad 1. September kl.11.00 på Klokkargarden leikeplass.

Gjeremål:
– Rydding og vekkøyring av øydelagt utstyr
– Luking
– Grusing
– reparering av defekt leikeutstyr
– maling?

Håpar så mange som mogleg vil ta turen og hjelpe oss nokre timar, så me får «shina opp» leikeplassen vår. Til fleire som kjem, til meir effektivt blir det!

Ta gjerne med deg ei grapse/grapsebrett, trillebår, spade eller jernrive om du har!

Det blir servert kaffi og noko å bita i til dei som stiller opp!

Mvh, Styret i Øykjaskoro Vel