Takk til alle som har delteke i TV-aksjonen på Tysnes

Publisert av: Vegard Aslaksen
21/10/2019 12:59

På Tysnes har vi 9 rodar eller bygder som kvar for seg har ansvaret for innsamlinga til TV-aksjonen: Flatråker, Hålandsneset, Lunde, Neshamn, Onarheim, Reksteren, Tysnesbygda, Uggdal og Årbakka – Nymark.
59 bøsser har vore på tur rundtom på bygdane og 151 234 kroner er samla inn. Det plasserer Tysnes på 123. plass av totalt 423 kommunar i landet. I tillegg er det samla inn i kulturkyrkja, med vipsing og frå bedrifter som ikkje er komen med endå.
Rodeleiarar, bøssebærarar, sjåførar, teljekorps i banken og ikkje minst skulane har lagt ned ein kjempeinnsats.
No kan vi retta ryggen og vita at arbeidet nyttar.

Tekst: Per Verner Aase