Stor stas med open brannstasjon

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/9/2018 20:41

Trass i ein del bygever laurdag var det var mange som vitja open brannstasjon i Eredalen. Brannvesen, Politi, Ambulanse og Tysnes Rødekors Hjelpekorps hadde rigga til stand og aktivitetar for store og små. Det vart og servert kaffi, kaker, hotdog og saft.

Det var mange som ville vera med på kjøretur i brannbilen.

 

I garasjen stod Politibilen og Ambulansen utstilt. Her kunne ein få sjå utrykningskjøretøya frå både utsida og innsida. I tillegg var det mange som ville prøvesitja.

 

Tysnes rødekors hjelpekorps hadde og stand inni garasjen og synte mellom anna fram ein del av det redningstekniske utstyret dei hadde.

 

Morten Storetvedt frå Tysnes Røde Kors Hjelpekorps passar på pølsene som vart grilla på bålpanna. I alt 110 pølser gjekk med i løpet av dei to timane arrangementet varte.

 

På ein av postane kunne borna frå prøva å spyla med ein skikkelig brannslange som fekk vatn frå tankbilen i bakgrunnen

 

Marcus Dalland frå Tysnes Brannvesen veileda og passa på når borna skulle læra seg å bruka strålerøret.

 

Spenning! Inne i eit mørkt rom på brannstasjonen kunne ein få vera med å leita etter personar med brannvesenets varmesøkande kamera.

 

Kjekt med brannbilkjøring. Brannbilen gjekk opp og ned mellom Eredalen og Uggdal skule med blålys og sirene.