Erling Borgen framfor båten som ligg fortøyd i Uggdal

Njord Aqua med “ny” skute

Publisert av: Vegard Aslaksen
4/3/2019 20:45

Verksemda som driv med undervasstenester har erstatta den gamle båten med ein leigd 2015 modell Viknes 1030. Målet er å få testa ut båten i leigeperioden før dei bestemmer seg for om dei skal kjøpa. Den nye båten har mykje bedre aksjonsområde enn den gamle kystbåten “Frøya” då fartspotensiale er noko heilt anna. Det er også bedre bukomfort med tanke overnatting, noko som gjer det meir levelig på lengre oppdrag. Då Tysnesingen fekk omvisning på den nye båten var Njord Aqua og Erling Borgen nett komen tilbake frå eit fleire dagars oppdrag i Solund i Sogn. Turen til Sogn tok om lag 4 timar frå Tysnes. Med den gamle båten ville turen teke bortimot 7 timar. Erling fortel at dei har hatt mykje forespørslar og ser no at ein med denne båten vil kunna ta på seg fleire oppdrag lengre vekke.

Båten ser meir ut som ein lystbåt frå utsida og er nok ein båttype mange forbind med rekreasjon framfor næring. Men mellom anna på grunn av det store akterdekket er dette ein type båt som også vert nytta som arbeidsbåt. Viknes båtar er mellom anna nytta av yrkesfiskarar.

På akterdekket er det god plass til ROV, kabel og anna utstyr. Njord Aqua nyttar den same ROVen som tidlegare men skal oppgradera med spyleutstyr som blir driven av ei motorpumpe frå dekket på båten. På sikt er tanken å integrera dette i båten dersom ein vel å kjøpa den.

Førarplasser er oversiktleg med moderne navigasjonsutstyr. På oppdrag er båten bemanna med minst to personar. Ein båtførar og ein matros. Når dei kjem fram og skal i gang med ROV operasjon har båtføraren ansvar for tilførselskabelen medan matrosen opererer ROVen.

Forkabinen på båten er ombygd til ein slags “kommandosentral” med fem store PC skjermar. Her sit Erling og styrer ROVen medan han følgjer med på videobildet frå ROVen som blir sendt opp til overflata. Njord Aqua har invesert nærmare 500 000 kroner i utstyr og ombyggingar på båten.

Med denne fjernkontrollen, lik den som mange nyttar til TV spel,  styrer Erling alle bevegelsar som han vil ROVen skal gjera. “Det er ganske utruleg kor lett undom lærer seg å kjøra ROV framfor litt meir vaksne som ikkje er så godt vane med å spela data eller TV-spel”, seier Erling. Men han understrekar at det held ikkje berre å vera flink å spela data for å bli ein god ROV operatør. Ein må ha god teknisk innsikt i tillegg. Det er mykje meir enn det som skjer på skjermen ein må kunna. Glippar ein på kontroll og vedlikehald av ROVen, blir det fort kostbart å driva i denne bransjen, avsluttar han.

Tysnesingen takkar for omvisninga og ynskjer Njord Aqua lukka til i den vidare satsninga.

Kunne du tenka deg å bli ROV-operatør? Les meir om dette yrket på utdanning.no