Startar opp kurs i vanntilvenning

Publisert av: Vegard Aslaksen
7/1/2019 19:15

I neste veke vert kurstilbodet i Tysnes Symjeklubb utvida. På Onsdagar framover blir det kurs i vanntilvenning som fører til at deltakarane kan ta «vannmerket».

Vannmerkekurset fokuserer på dei grunnleggande øvelsane for vanntilvenning  og er det fyrste kurset på kursstigen til «Norges Svømmeskole». Kurset er for elevar som ikkje har så mykje erfaring i vatn frå tidlegare, og Tysnes Symjeklubb tilbyr dette kurset for born i 4-5 års alder. Det er på dette kurset ein skapar grunnlaget for læring av de fire kjernefunksjonane ‘Dykka’, ‘Flyta’, ‘Gli’ og ‘Framdrift’.

Kurset har fyrste kursdag Onsdag 16 Januar kl 1815 og vil halda på utover våren. Kurset legg opp til at ein forelder må vera med i bassenget

Det er plass til maksimalt 10 deltakarar – fyrste mann til mølla

Send påmelding til kursleiar Øyvind Hope på epost: oyvind@hope.nu

Påmelding innan Søndag 13.01.

Tysnes Symjeklubb har no ein kursportefølge i kursprogrammet «Norges Svømmeskole» som er Norges Svømmeforbund sin nasjonale plan for svømmeopplæring. Det er utarbeida ferdig kursopplegg for fire grunnkurs og fleire på gong. Ynskjer du å vera med i trenar teamet slik at ein kan tilby enda fleire kurs? Ta kontakt med Tysnes Symjeklubb på facebook.

Norges Svømmeskole er basert på solid pedagogikk/metodikk, og tuftet på nasjonale standarder for hvilke øvelser som ein må mestra på vegen mot svømmedyktighet. For meir info om Vannmerkekurset og dei andre kursa i «Norges Svømmeskole» klikk her.