Fin trebåt eller fartsvidunder?

Publisert av: Vegard Aslaksen
9/8/2019 20:38

I morgon brakar det laus med Noregsmeisterskap i Oselvarsigling her på Tysnes. Det skal seglast fleire løp utpå fjorden både på Laurdag og på Søndag. I alt 23 båtar er påmeldte til mesterskapet som vil ha base i Våge Hamn og som blir arrangert av Båtlaget Njord/Tysnes. Det blir mellom anna mange flotte båtar både på fjorden og i hamna som vist på biletet over. For Oselvaren er ein flott tradisjonsbåt. Og der nok ikkje utan grunn at den vart kåra til Noregs nasjonalbåt i 2009. Men – tenkjer du kanskje – er dette noko fartsvidunder?

I følge Kjell Magnus Økland, forfattar av boka “Oselvaren den levande båten”, er den største dokumenterte farten ein Oselvar har segla ca 17 knop! Dette skjedde under ein regatta på Fanafjorden på 50 talet, då ein Oselvar segla i frå ein motorbåt som hadde maks fart på 16 knop. Denne Oselvaren hadde rett nok 17 kvadratmeter rigg, som er om lag dobbelt så mykje seilføring som båtane i NM klassen. Men at båten kan segla fort med dei rette vindtilhøva – det er det inge tvil om. Det kan du mellom anna sjå i denne videoen frå tidlegare Noregsmeisterskap. Så kanskje Oselvaren både er ein fin trebåt og eit fartsvidunder når alt kjem til alt.

No ser det ikkje ut til at det skal bli så veldig mykje vind i helga men på Søndag skal Noregsmeisteren uansett kårast i Våge Hamn. Ved flaggstengene på gjestebrygga står sigerspallen. Og sku du ikkje få med deg kva som skjer på fjorden så kan du i alle fall få med deg premieutdelinga i Våge etter at dei siste seilasene er ferdig på Søndag ettermiddag..