Utflukt med Tysnes Husflidslag 02.05.22.

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/5/2022 08:56

16 peronar var påmeldt til turen til Norheimsund der me hadde avtale med Hardingsaumen om eit besøk i butikken deira.

Til transport fekk me låna kommunen sine to minibussar nesten gratis og bussane hadde plass til 9 personar kvar. Eit framifrå tilbod.

Synnøve og Åshild var sjåførar og deltakaren vart plukka opp på vegen slik det passa best. Avgang frå Husflidstova kl 1610.

Turen innover Hardangefjorden gjekk greitt i fint ver og vakker natur.

I butikken venta ei blid og kjekk dame som ynskte velkommen og hadde dekka opp med nydeleg salat m/brød samt kaffi og kaker.

Ho fortalde litt frå aktivitetar både i butikken og dei ymse laga som nytta seg av butikken sine fasilitetar, og me fortalde litt om våre aktivitetar.

Vareutvalget var upåklageleg. Der var strikkegarn i dei fleste merker, lappestoff så ein kunne gå heilt bananas, bunadsmaterialar, sytilbehør i utval, bekledningsstoff og symaskinar. Og handel blei det!

Den gode drøsen mangla heller ikkje!

Alt i alt, var det ein kjekk tur som alle var glad dei hadde blitt med på.

Turen heimatt, så me nådde 2210-ferja, gjekk også greitt.