Covid 19 oppdatering frå Den Norske Kyrkja

Publisert av: May Britt Meland
25/6/2020 21:53

Når det no frå 15. juni blir opna for at 200 personar kan samlast, vil dette gi nokre utfordringar for kyrkjene våre. Dette fordi det framleis skal vere 1 meter frå skulder til skulder for dei som ikkje er i same husstand.
Ingen av kyrkjene her på Tysnes vil kunne romme 200.
Derfor vil det fremdeles bli begrensingar på kor mange som kan vere med på gudsteneste, og i kyrkjelege handlingar, som dåp, vigsel og gravferd.
Av den grunn må ein ta kontakt med kyrkjekontoret og høyre kor mange personar kyrkja rommar.
Vi vil lage eit «oversiktskart» over dei muligheitene kyrkja har, og ein kan blir bedt om å teikne inn kor mange husstandar som skal delta.
Det skal fremdeles skrivast liste på kven som kjem til kyrkjene , desse listene vert makulert etter 10 dagar.
Smittevern tiltaka , handsprit, vasking osv. vert oppretthaldt som no.
Samtalar av ulik karakter finn stad i kyrkjerommet der det er store rom.
Om ein ynskjer samtale tar ein kontakt med kyrkjekontoret og gjer avtale.

Tysnes kyrkjekontor
Marit I. Espedalen