Njardar/Tysnes arrangerer Tine fotballskule på Reiso

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/6/2022 11:52

Då er det igjen klart for Tine fotballskule på Reiso.

Njardar/Tysnes inviterer jenter og gutar frå 6-12 år til 3 dagar med fotballøvingar og balløving.

Dette er ein svært kjekk møteplass for fotballspel og moro.

Fotballskulen blir både på kunstgras og grasbanen 13. 14. og 15. juni, og startar klokka 1630 og er ferdig klokka 1900.

Spelarane får ny type bag, skjorte, Tinedrikke og fruktmåltid kvar dag. Onsdag blir det diplom, premieutdeling og hot dog.

På fotballskulen vil det være instruktørar frå A-laget.

I år feirer skulen 25 årsjubileum. Du kan lese meir her:

https://www.tine.no/tinefotballskole/om-oss/nyheter/tine-fotballskole-feirer-25-ars-jubileum-i-2022

Påmelding kun på mail til: solfrid.b.smith@outlook.com med fødselsår og navn og telefonnummer innan lørdag 11.06 kl 1800

Skulen kostar kr 400 til Konto 3525.40.42259 mrk fotballskule og navn.