Fantastisk innsats av rydde-gjengen på Ånuglo i dag!

Effektiv strandrydding

Publisert av: May Britt Meland
19/9/2021 20:19

I dag var det stor-rydding av strender på Ånuglo. Initiativtakar Rebekka Høgestøl hadde samla godt med lokale dugnadsfolk. I tillegg stilte Bergen og Omland Friluftsråd med Sjærgårdstjenesten og båten Boffen.

Norges Miljøvernforbund med leiar Ruben Mjelde Oddekalv og organisatorisk nestleiar Henrik Rutledal deltok også.

Leiaren i Miljøvernforbundet gir i dag ros for arbeidet som vart utført på si Instagramside.

Ruben Mjelde Oddekalv saman med Rebekka Høestøl på dagens strandrydding.

 

Rebekka fortel av det i dag vart rydda på sørenden, 3 små strender /viker, på Ånuglo. Resultatet av ryddinga er både imopnerande og skremmande med 10 kubikk søppel!!

Dagen vart avslutta med ein god, og velfortjent middag på Laukhammar Fritid!

Godt jobba!!

Foto: Rebekka Høgestøl/ Tysnes Turlag