Vidar Villa på E-brygga

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/7/2020 16:23

Onsdag 29. juli kjem Vidar Villa og held konsert på E-brygga i Våge Gjestehamn.

Vidar Villa er ein av Noregs største norskspråklege artistar, med heile 100 millionar streams på Spotify.
Då sommarens festivaljobbar vart avlyst som følge av Covid-19, bestemte Vidar Villa og bandet at dei måtte finne andre måtar å holde konsertar på.
No er dei klar for ein 5 veker lang turnè, der dei skal reise i båt langs den norske kystlina, og spele akustiske konsertar for eit begrensa antall gjester i henhold til gjeldande restriksjonar.
Det blir garantert god stemning når humørspredaren Vidar Villa kjem til Tysnes.
Klikk her for å lesa meir om arrangementet og kjøp av billettar.