Levande kulturarv i Bjørnafjordregionen

Publisert av: May Britt Meland
3/9/2023 12:27

Kulturminnedagane 2023 går av stabelen i heile landet frå 2. til 10 september.

Tema i år er levande kulturarv, og i kommunane rundt Bjørnafjorden har gode handverkskrefter slått seg saman og laga eit rikhaldig program.

Britt Rage og dei fabelaktige dokkene hennar tar turen frå Tysnes til Os, der dokkeutstillinga «Tidemand i miniatyr» blir å sjå i Det gamle kommunehuset. Rage held òg foredraget «Vår fargerike fortid».
Første post i kulturminneløypa er Holdhus kyrkje laurdag 2. september, der det blir opning av Kulturminnedagane med foredrag og konsert. Arrangert i samarbeid med Os sogelag og utstilling Fortidsminneforeininga. Alle velkomne!

Måndag opnar utstilling i Det gamle kommunehuset på Os. Den kan du sjå kvar dag fram til laurdag. På utstillinga kan du i tillegg til Britt Rage sine dokker blant anna studera bunadsdelar frå heile regionen og handlaga knivar. Ordførar i Bjørnafjorden Trine Lindborg opnar utstillinga måndag 4. september.

I Yrkesstova i Finnebrekka blir det handarbeidskafé og foredrag med Britt Kjellesvik Rage tysdag 5. september, før Kulturminnedagane blir avslutta same stad 10. september med demonstrasjon av ulike handverk. Kom og sjå på nært  hald korleis alt frå kniplingar til sokkaband, dokker og knivar blir laga – kanskje du blir freista til å læra deg noko heilt nytt?

Registrering  
Har du ein gamal bringeduk, eit liv, ein stakk, forkle eller andre bunadsdelar? Ta det med og få det registrert!
I løpet av Kulturminnedagane blir det registrering av bunadsdelar hos Britt Rage i Breidablikk ved Tysnes kyrkje, i biblioteket i Eikelandsosen og i Det gamle kommunehuset på Os.
Kom innom og få dei gamle bunadsskattane dine registrert, så bidrar du til kunnskapen om den levande lokale bunadstradisjonen.

Heile programmet for Kulturminnedagane finn du på bjornafjorden.kommune.no/kulturminnedagane