Dagens bilde

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/7/2021 17:51

Mykje artig i sjøen.

Sist laurdag, fekk Camilla Solheim denne skapninga på kroken. Det var på ein fisketur på Onarheimsfjorden at dei fekk desse finurlege greiene, som ho sjølv seier.

Dei har lurt veldig på kva dette kunne være, men no har dei fått tilbakemelding om at det mest sannsynleg er pigghåegg.

Når dei fekk det på kroken var det fyrst veldig tungt å dra opp, så slapp det litt, og dette kom til overflata.

Er det andre som får noko spanande på kroken når dei er på fisketur, så send gjerne bilder til Tysnesingen.