Ein smilande blid dugnadsgjeng!

Stor dugnadsånd

Publisert av: May Britt Meland
18/1/2022 18:52

-Me er jo viden kjent for å elske dugnad, her i den vesle bygda vår, skriv bygdalaget i Lunde. Dugnaden laurdag 15. januar viste at dette verkeleg stemmer! Over 25 arbeidsvillige personar stilte opp på Malkenes.

Arbeidet med å rydda langs dei to skogavegane som saman utgjer den 4 kilometer lange “Malkenesrunden” er dermed i full gong.

10 motorsager var i full sving i 5-6 timar, og det vart rydda vekk store mengder skog frå vegkanten.

Tid for kaffipause og drøs var det sjølvsagt. Bygdalaget hadde kjøpt inn over 60 pølser, og det holdt så vidt.

Dugnaden på prosjekt Tursti 5690 held fram neste laurdag, og då freistar bygdalaget med heimelaga skuffekake.