Idrettsmerkeprøvar på Reiso

Publisert av: May Britt Meland
16/9/2021 10:50

Som i fjor blir Tysnes idrettslag sine idrettsmerkeprøvar på Uggdal idrettslag  sitt baneanlegg på Reiso. Der er det no ein ny og fin gruslagt løpebane. Ved Tysnes skule er nemleg ikkje området for idrettsaktivitet ferdig enno.

Mange som er litt interesserte i friidrett synest idrettsmerkeprøvane er ein grei måte å testa seg fysisk, og det er ikkje så skummelt og vanskeleg som ein del trur. Det er nemleg fleire øvingar å velja mellom både når det gjeld hurtigheit, spenst, styrke og uthald, og krava er tilpassa alderen.

Prøvane på Reiso dei to komande onsdagane (22/9 og 29/9 kl. 17.30) er  opne for interesserte frå heile øya.
Fyller du 16 år i løpet av inneverande år er du klar for å ta del i prøvane.
Elles er det inga grense oppover i alder.

Alle som har lyst til å vara med av kvinner og menn er velkomne.
-Sosialt kjekt er det òg!

Pressemelding frå Tysnes IL