Veit du om vegar med trong for betre vegljos?

Publisert av: May Britt Meland
23/11/2020 14:44

Tysnes kommune ønskjer å få ein oversikt over kjente og ukjente strekk langs vegane der det kan vera trong for betre lyssetting.

Kven kan gje innspel
Opplever du som skuleelev, forelder eller nabo strekk langs vegane våre der det kunne ha vore betre lys i den mørke årstida?
Alle som ser trong for vegljos vert oppmod til å melde dette inn.

Leiarar ved skular og barnehagar vert invitert til å gje innspel om situasjonar me bør sjekka nærare ut.

Bygdelag og velforeiningar vert også invitert for å gje innspel.

Kva vert prioritet
Trygg skuleveg har høgaste prioritet. Her vil me også samarbeide med dei som driv med skuleskyss, både buss og taxi, for å få deira erfaringar med i det vidare arbeidet.

Her kan du registrera innspelet ditt.