Nedgang i smitte på Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/11/2021 16:22

Tysnes kommune melder på sine sider at det er færre positive koronaprøver. Dette er ei positiv utvikling.

Dei siste vekene har det vore stor testaktivitet, både med PCR-testar på legekontoret, og med hurtigtestar. Ein oppmodar fortsatt alle om at det skal vera låg terskel for testing.

Frå veke 48 går skulane og barnehagane over til grønt beredsskapsnivå.

Kommunen går vekk frå den generelle anbefalinga om å utsetta treningar, samlingar og arrangement. Dette er bestemt ut i frå at det har vore stor testaktivitet dei siste vekene, som har gitt  betre oversikt over smittesituasjonen i kommunen. Nye smittetilfeller er i hovudsak kjente nærkontaktar eller medlemmar av husstandar med påvist smitte.

Det aller viktigaste no er at alle med nyoppståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomfører testing.

  • Ved gjennomføring av arrangement bør ein syta for at det er muligheit for å halde avstand
  • Ha god tilgang på hånddesinfeksjon til alle gjester
  • Det bør oppmodast om at inviterte gjestar som har luftvegssymptom, er definert som nærkontakt eller høyrer til husstand med smitte, ikkje kjem på arrangementet

Generelle anbefalingar:

  • Hald avstand til andre der det er mogelig i det offentlige rom, gjerne ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er høve til å holde minst ein meters avstand innandørs i det offentlige rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogelig.
  • Reduser talet på nærkontaktar.

Du kan lesa meir på Tysnes kommune si heimeside.