Tysnes skulekorps med dirigent Nick Hughes. Foto: Lena Epland Sløgedal

Flott plassering og ros for god klang

Publisert av: May Britt Meland
22/6/2019 21:35

Tysnes skulekorps framførte i dag stykket Malvern Suite under NM for skolekorps brass i Stavanger. I divisjon 2 som korpset deltok i, var det 14 korps som stilte.
Det var ei tøff konkurranse med mange flinke musikantar.  Tysnes skulekorps fekk ei flott plassering med 8. plass, noko dei er veldig fornøyd med.
Dei har øvd mykje dei siste vekene, og synast det er kjekt at resultatet vart så bra. Under vurderinga av framføringa kommenterte dommarane spesielt den gode klangen skulekorpset har.

 

Ein spent gjeng er klare til å entre scena i Stavanger. Foto: Lena Epland Sløgedal

 

Foto: Lena Epland Sløgedal

 

No skal ungdommane, foreldre og sjølvsagt den fantastiske dirigenten Nick Hughes, feira på hotellet. I morgon vert sesongen avslutta med ein tur til Kongeparken før dei tek ein velfortjent ferie.

 

Ein staseleg gjeng med dyktige musikantar. Foto: Lena Epland Sløgedal