Arkivfoto

Bålforbodet er oppheva – men hugs å visa aktsemd ved bålbrenning

Publisert av: Vegard Aslaksen
20/3/2018 09:49

Brannsjef Torfinn Kongsvik melder at bålforbodet er oppheva. Samstundes oppfordrar han til å visa aktsemd ved bålbrenning. Sjølv om det har vore noko nedbør, tørkar det veldig for opp att.

Brannsjefen viser for øvrig til dei generelle bålreglane:

  • Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.
  • Det er forbode å gjera opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann.
  • Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt.
  • Dette er reglar som gjeld heile året.
  • Det er likevel lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann.
  • Det er forbode å brenna produksjonsavfall.
  • Ein kan brenna små mengder hageavfall etc , men det må ikkje innehalde plast og forbruksavfall.
  • Det er ikkje lov å brenne etter det er mørkt.

MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.