Stordkoret

Allehelgenskonsert med Stordkoret

Publisert av: May Britt Meland
28/10/2019 14:22

Førstkommande helg inviterer Stordkoret til allehelgenskonsert, med konsertar i Uggdal kyrkje på Tysnes laurdag 2. november og i Stord kyrkje sundag 3. november.

Tema for konserten er kvile, forsoning og frigjering.
Hovudverket under konsertane våre denne hausten er Requiem av den franske komponisten Gabriel Fauré. Dette er eit populært verk i korlitteraturen, der lyttarane får oppleva lyse, vakre og iøyrefallande melodiar. Den intime musikken til Fauré framhevar tema som ro, forsoning og trøyst.

I tillegg framfører koret stykke av Knut Nystedt, Johann Sebastian Bach, Felix Mendelssohn og Edvard Grieg.

Programmet er sett saman ut frå ein tanke om å spegla det som tradisjonelt har vore hovudideen bak allehelgenshøgtida: å minnast dei som har gått bort.

Under konsertane samarbeider Stordkoret, som ofte elles, med profesjonelle musikarar. Me har med oss ei gruppe med fire strykarar – Orlaug Evensen og Åsne Fluge på fiolin, Beatrice Siegrist Bjørnsen på bratsj og Jarle Kristoffersen på cello.

Fluge og Bjørnsen spelar til dagleg i Stavanger symfoniorkester, medan Evensen og Kristoffersen er aktive i Sunnhordlandsregionen. Ensemblet består vidare av organisten i Nysæter Bjarte Aadland og pianistane Irene Simonsen under Tysneskonserten og Magnus Blom på Stord. Songsolistar er Tore Kloster (tenor) og Ingjerd Kannelønning Kolstad (sopran). Konsertmeister er førstefiolinist Orlaug Evensen, og konserten vert leia av den faste dirigenten til Stordkoret, Liv Kari Bru.

Koret gler seg til møte med eit nytt publikum på Tysnes og med sitt trufaste publikum på Stord.