Tysnesfest 2018

Publisert av: Johnny Helgesen
24/11/2017 10:25

Etter ein lang haust er me endeleg i gang med å sleppa artistar!

PUBLISERT AV JOHNNY HELGESENPublisert: 20.11.17 19:15

Her kjem eit knippe fantastiske kvalitetsmusikarar som vil gje publikum både gåsehud, rockefot og godkjensle.

Det er kanskje ekstra stas å kunna invitera til konsert med Bigbang på Tysnessåto. Her ser me ikkje vekk frå at det vil bli nok ein publikumsrekord, og tittelen på ein av dei mest kjende låtane deira, «To the Mountains» passar jo perfekt.

 

Bigbang, Gåte og Adam Douglas er klare for Tysnesfest!

 

Årets artist til Tysnessåto er BIGBANG! Welcome «To the Mountains»

Øystein Greni og hans Bigbang er utan tvil eit av dei største livebanda me har i Norge.

Det blir ikkje mange moglegheiter til å sjå Bigbang på scena i 2018, men her på Tysnes byr me faktisk på to konsertar. Bandet blir årets artist på Tysnessåto, og seinare på dagen kan du sjå dei på scena på Gjerstad.

På Tysnessåto har me hatt artistar som Oslo Ess, Lars Vaular, Sondre Justad og det heile vart toppa med meir enn 2400 publikummarar under Sivert Høyem sin konsert i 2017.

Me gler oss enormt te å ta imot Bigbang 753moh.

Bigbang starta opp i 1992 med debutalbumet «Waxed». Dei er kanskje mest kjend for låta «Girl in Oslo», men «Wild Bird», «Long Distance Man» og «To the Mountains» er og eksempel på klassikarar som det norske folk har trykka til sitt bryst.

For mange er Bigbang sjølve symbolet på norsk rock, og dei leverer alltid 100% på scena.

 

Gåte gjenoppstår!

Det er no 12 år sidan Gåte «gav seg», men no er dei tilbake i full vigør.

Gåte blei starta av søskenparet Sveinung og Gunnhild Sundli i 1999. Dei gjorde seg

raskt bemerka ved å kombinera norsk folkemusikk med eksplosiv og progressiv

rock. Spesielt i årene 2001 – 2006, da de gjennom spektakulære konserter,

to studioalbum, to EP-er og ett livealbum, g jorde stor suksess. Dei selte meir enn

100 000 album, gikk til fyrsteplass på VG-listen, og ble tildelt fleire prisar, deriblant

Spellemann- og Prøysenprisen.

Søskenparet har ei solid forankring i folkemusikken. Det er derfor naturlig for dei å

fortsetja å bygga musikken rundt gammalt tradisjonsmateriale. Samtidig har det

meldt seg eit behov for å skape noko heilt nytt. Det nyskrevne materialet er sterkt

inspirert av gammelt tradisjonsmateriale, slik at nytt og gammalt kan gå hand i hand

og skli naturlig inn i et felles ”Gåte-univers”.

 

Adam Douglas

Var du ein av dei over 1 millionar sjåarane som fekk med deg at Adam Douglas vann finalen i Stjernekamp 2017? Då skjønar du kanskje godt kvifor me har booka han til Tysnesfest. Eit sjeldan særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort for assosiasjonar til dei ekte soul- og bluesrøtene i hans heimland USA.

Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spela og samarbeida med mange internasjonale storheiter som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau.  Også fleire norske artister i toppsjiktet, som Marit Larsen, Frode Alnæs og Vidar Busk, har hatt den store gleda av å samarbeide med stjerneskotet.

Adam går på scena med fullt band og lovar eit knallshow fullt av trøkk og energi.