Foto: Tysnesfest 2015

Frivilligpåmelding til Tysnesfest 2018!

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
24/3/2018 15:45

Det knirkar og knakar i sal og i scene.
Eit år har snart gått, og ha det på det rene:
Festivalen è stor og vi alle e små,
så for å få dette her te å gå:

Vi treng kvar ein kropp, med musklar og makt,
dei som spring sakte og dei som spring kjapt,
dei som kan telje, og rekne og le,
være alvorlig og sei: Det var det!

Løysingar store og løysingar små.
Treng deg som kan hinke og hoppe og gå.
Vi e snart i gang med konsert av dei store,
så hopp opp av stolen og høgt oppå bordet-
og rop: EG E MED! , og meld deg på.
Trykk på linken så ska du få sjå!

Friviljugpåmelding

Tysnesfest – ikkje utan deg! (Video)