Den Store Roen

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/7/2020 09:02

Eit alternativ for dei som saknar “Tysnes rundt”, er å være med på “Den Store Roen” som vert arrangert 15. – 16. august.

Det er Bergen Kystlag, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no som inviterer til “Den Store Roen”.

Ruta går laurdag 15/8 frå Hordamuseet til Arboretet – Grimseidkanalen – Hjellestad og Rishamna, der ein overnattar til søndag. Søndag 16/8 ror ein frå Rishamna – Lysøen – Søviks båtverkstad og til Buena/Ole Bull kafè.

Kystkultur.no informerer om at årets reise, som er teltbasert, går i tronge farvatn og over open fjord, og er stappfull av kulturhistoriske strandhogg.

Dersom du vil lesa meir om arrangementet, kan du klikka deg inn her.

På YouTube ligg det filmklipp frå tidlegare roturar. Her er eit frå Den Store Roen 2019, der tysnesingen Kjell Magnus Økland intervjuar deltakarar, og ein får sett utdrag frå den fine turen.