Foto; Liv Holmstrøm

Padleferie til Solstråleøyo

Publisert av: Vegard Aslaksen
25/11/2018 08:50

Fem venninner frå Voss fekk denne veka ei flott oppleving i kajakk i nydelig klarvêr på fjorden.

Flotte forhold for vinterpadling. Foto; Myrna Dral

 

Onsdag la dei ut frå Våge og sette kursen mot Godøysund og Solstråleøya i tre medbrakte og to leigde kajakkar frå Båtlaget Njord/Tysnes.

Huset på Solstråleøyo gav ly for natta. Foto; Myna Dral

 

Basen for ferien var huset på Solstråleøyo som dei hadde fått leigd fram til fredag.

Blå himmel og blikk stille. Perfekt for å utforska ekte vestlandsk skjærgård. Foto; Myrna Dral

 

Me spurte reiseledar for turen, Myrna Dral, om korleis denne padleturen kom i stand? “Du ,me er ivrige padlarar, nokon har vore guide, resten er og friluftsmennesker. Det er sonen min som går på villmarkslinja heime på Voss som tipsa meg om Solstråleøyo. Han var der i skikkelig uvær i september. Då var ikkje resten av gjengen vanskelig å be.”

Utflukt til Fluøyane. Foto; Liv Holmstrøm

 

Denne veka har det ikkje akkurat vore uvêr her på Tysnes – korleis var turen?
“Kva kan me seia? Så vakkert! Heftige naturopplevingar med fugleliv, meditative stunder i ro og solnedgang, samtidig intenst møte med fullmåne medan me var i kajakk. Eit hus på Solstråleøyo som har sjarm, utstyr til å lage gourmetmat og ei brygge til morgonbad. Ein superduper padletur”, seier Myrna til Tysnesingen.

Tilberedning av mat for kvelden. Måneskinn i bakgrunnen. Foto; Liv Holmstrøm

 

Ingen tvil om at dette har vore ei flott oppleving. Bileta talar for seg. Kanskje det er fleire som lar seg frista av ein slik padleferie?

Foto; Myrna Dral